Stavanger 2013

Stavanger 2013 logo
Takk for en flott uke!
Artikkelbilde

Endte opp på luksushaik

Haikarar frå Evje BK rota seg vekk halvvegs på rute 26, men leirens største slumpetreff redda natta for patrulja på seks.

– Vi skjønte i grunnen at vi hadde hamna på feil plass då vi ikkje såg nokre andre patruljer, fortel patruljeførar Eskil (15).

Eit piggtrådgjerde seinare fann dei ein plass der dei kunne sove, og rigga opp ein lavvo. Leirlivet var ikkje optimalt i fylgje Magnus (13):

– Den heimelaga tomatsuppa var verkeleg bånn i bøtta, fortel han, og legg til at det i tillegg regna gjennom topphatten på lavvoen.

Patrulja hevdar at stemninga var ganske låg, og at dei ikkje hadde spesielt god oversikt.

– Vi visste ikkje eingong kva kommune vi var i, fortel ein.

Men Håvard høyrde folk, og gjekk for å undersøkje kvar dei var. Etter å ha gått gjennom ein liten skog, fann han Holmavatn ungdoms- og misjonssenter.

Då det viste seg at styraren òg var frå Evje, fekk dei full oppvarting:

– Først spurde dei om vi ville ha kjøtkaker òg gelé til dessert. Så fekk vi sove på hotellet, fortel Magnus ivrig.

Ein av småspeidarane dreg parallellar frå den ganske heldige patrulja til ei anna gruppe speidarar på leiren.

– Det var nesten som ein sånn roverhaik, utbryt han.